Dagsenter

Dagsenter2018-11-19T10:11:33+00:00

Dagsenteret på Opro AS er teneste Osterøy kommune sitt tilbod for utviklingshemma som treng eit aktivitetstilbod på dagtid. Tilbodet er ikkje produksjonsretta og har som mål å øve brukarane i å ivareta tillærde funksjonar, samt å følgje opp mål og planar for den enkelte.

Dagsenteret jobbar aktivt med at alle brukarane skal trivast og at dei skal få moglegheit til å få utvikla sine ressursar, ivareta tillærde funksjonar og få dekka sine behov. Målet er å skape gode og meiningsfylte aktivitetar tilpassa den enkelte.

Våre brukarar gjer blant anna:

  • Vi strikkar både for hand og på strikkemaskin og tovar produkt som vi har for sal.
  • Tur i nærområdet kvar veke, ein dagstur om våren og hausten. Nb. Dagsenteret disponerer ikkje eigen bil.
  • Matlaging, klesvask, kjøkkenteneste, arbeid for andre avdelingar
  • Trene på å oppretthalde dugleikar knytta til personleg hygiene og spisesituasjonar
  • Felles aktivitetane våre er morgonsamling med planlegging av dagen, trening tysdag og torsdag, film om fredagen og varm lunsj ilag med alle på Opro på fredagane.

Årleg har vi i desember julekafe med sal av egenproduserte produkt, samt sal av kaker og kaffe

Personalet på dagsenteret er Ann Kristin Angeltveit-Vedaa som avdelingsleiar, samt Vibeke Presttun, Solvor Fjellby og Øyvind Wie som miljøarbeidarar.