Etiske retningslinjer

Etiske retningslinjer2018-11-19T10:11:32+00:00

Etiske retningslinjer er reglar som seier noko om korleis vi skal vere på arbeidsplassen vår. Dei seier noko om kva vi forventar av haldningar til den enkelte arbeidstakar, og det skal vere med å bidra til ein felles verdiståstad og felles identitet. Retningslinjene skal også gi tenestemottakarane tryggleik for at ingen skal kunne misbruke stillinga si.

Trivsel og arbeidsglede gir betre livskvalitet for den enkelte medarbeidar og har mykje å seie for kvaliteten på det arbeidet som vert utført. Trivsel kan også bidra til lågare sjukefråvær samt at folk vert lenge i arbeidsforholdet sitt.

 

  • Alle er like mykje verdt og vi skal respektere kvarandre fordi om vi er ulike.
  • Vi skal vere ærleg, høfleg og vennlege mot kvarandre. Vi seier god morgon og har godt humør.
  • Vi skal hjelpe kvarandre, løfte kvarandre opp og gi ros når nokon har gjort noko positivt.
  • Vi skal halde lover og regler på arbeidsplassen, samt hindre utnytting av tenestemottaker og varsle ved kritikkverdige forhold.
  • Alle skal få moglegheit til å utvikle seg både fagleg og personleg.

 

Retningslinjene for etikk og trivsel er utarbeidd av tilsette og tenestemottakarar på husmøte 24.august 2017.