Frukt

Frukt2018-11-19T10:11:33+00:00

frukt036

Jobbfrukt

Jobbfrukt er resultatet av eit samarbeid mellom BAMA og ei landsdekkande gruppe på 80 bedrifter som tilrettelegg arbeid for personar med nedsett arbeidsevne. Ved å abonnere på Jobbfrukt tek di verksemd eit viktig samfunnsansvar, og støttar verdifulle arbeidsplassar.

Alle vekstbedriftene som er med i Jobbfrukt, er sertifisert og lært opp på alle nødvendige områder. Blant anna har dei alle godkjenningar frå Mattilsynet når det gjeld hygiene, pakking og distribusjon. Å arbeide med Jobbfrukt innebærer mange ulike oppgåver – f.eks. plukking, kvalitetssikring, pakking og distribusjon – som kan tilpassast alle og som gir stor arbeidsglede og stoltheit.

Kvar einaste korg leverast av ein av våre stolte medarbeidarar. Korga leverast med eit smil til avtalt tid.

Kva lekre og fristande frukter, bær, nøtter du med anna finn i Jobbfrukt-korga di, er ikkje tilfeldig. Kvar korg er planlagt god tid i føreveg, og er sett saman for at du skal få eit så godt utval og ein så spennande og variert korg som mogleg. I tillegg til eit basissortiment plukkar vi alltid ut sesongen sine beste råvarer, samt at vi toppar korga med dei spesialprodukta som til ei kvar tid er best!

Det er mogleg å bestille fruktkorger som er 3 kg, 5 kg og 7 kg samt 4,5 kg korg som har meir grønnsaker enn dei andre korgene. Me tilpassar korgene etter ditt behov.

Meir informasjon om jobbfrukt og bestillingsskjema finn du her. link (http://www.jobbfrukt.no/bestille)

Personalet består av Marit Fotland som avdelingsleiar og Hilde Fotland som arbeidsleiar.

frukt033

Skulefrukt

Opro AS forplikter seg til å levere frukt av KLASSE I gjennom kontrakt med skulefruktordninga. Opro AS leverer skulefrukt til skular på Osterøy, Os, Arna og i Bergen.

Det er stilt krav til alle lokale leverandørar om at elevane skal få ein forskjellig frukt kvar dag og leverandørane oppfordrast  til å levere eit variert utval mellom ulike sortar frukt/grønt som for eksempel appelsin, eple, pære, gulrot, kiwi, klementin, nektarin, banan, plomme og fersken. Utvalget vil variere ut i fra sesong og lokale forhold.

Abonnementet på skulefrukt gjeld grunnskulen 1. – 10.klasse. Det  vert teikna abonnement  for 1⁄2 år om gongen, og betalast av elevane sine føresette. Elevane får ein frisk frukt eller grønnsak kva dag.  Tilbudet kostar føresette kroner 3,00 per dag eleven får frukt, og subsidierast av det offentlege med kr 1,- per frukt/grønt. Føresette betalar kun for dei dagene skulen har bestemt at det skal delast ut frukt/grønt og frå startdatoen på abonnementet til eleven.

På nettsida www.skolefrukt.no finn ein all informasjon om ordninga og korleis ein abonnerer.