Om oss

Om oss2018-11-19T10:11:32+00:00

Opro AS er ei vekstbedrift som har vore i drift sidan 1993. Me er lokalisert på Hauge i Osterøy kommune. Aksjeselskapet er 100% eigd av Osterøy kommune og styret består av politikarar valt av formannskapet. Styreleiar er Johannes Bysheim og dagleg leiar er Torill Magnussen.

Bedrifta har 18 VTA-plassar og tiltaket er fordelt på tre avdelingar; vaskeri, frukt og tre. I tillegg driv Opro AS eit dagsenter med seks brukarar som er lokalisert i same bygning som resterande verksemd. Me tilbyr og arbeidstrening for vidaregåande elevar.

Opro AS skal legge til rette for, og oppmuntre til medverknad i alle forhold rundt tenestene på arbeidsplassen. Me skal legge til rette for medverknad som oppmuntrar og fremjar sjølvråderett. Vår visjon er å sjå ressursar i einskildmenneske, anerkjenne og vise vegen vidare.