Rettigheter og plikter

Rettigheter og plikter2017-12-12T12:02:17+00:00

Rettigheter og plikter for deg som er i VTA:

  • Alle som deltek i VTA på Opro mottek uføretrygd frå NAV. I tillegg får dei bonuslønn for kvar time dei har jobba av Opro.
  • Deltakaren er arbeidstakar i samsvar med arbeidsmiljølova, og det skal ligge ei arbeidskontrakt til grunn for tilsettingsforholdet. Ved oppstart av tiltaket underteikner ein arbeidskontrakt, arbeidsreglement og taushetserklæring.
  • På Opro har vi 5 veker ferie, 6 veker om du er 60 år eller meir. Tre av ferievekene må takast ut i juli når Opro har stengt. Vi held og stengt tre dagar i påska som reknast som ferie.
  • Dersom du vert sjuk kan du nytte inntil 3 eigenmeldingar pr gong, og inntil 12 eigenmeldingar i løpet av dei siste 12 månadane. Vert du sjukmeld utbetalar Opro løn i arbeidsgivarperioden som er dei første 16 kalenderdagane.
  • Vi skal tilrettelegge arbeidsoppgåvene og arbeidstida for deg, samt gi tilstrekkeleg opplæring og rettleiing, for at du skal kunne utføre arbeidet.
  • Alle deltakarar har rett på ein aktivitetsplan som registrerer dine behov, forventningar, tenester og resultat. Planen skal gjennomgåast og reviderast kvar 6.mnd ilag med arbeidsleiar.
  • Du har rett til å klage i saker som angår deg sjølv. Prosedyrer for klagebehandling ligg på heimesida vår. Mal på klageskjema finn du på siste side i dette heftet.
  • Alle deltakarar har rett til likeverdig behandling uavhengig av alder, funksjonshemming, kjønn, rase, religion/tro og seksuell legning.
  • Alle har rett til å verte høyrt og få uttrykke sine meiningar.
  • Alle har rett til at det fysiske, sosiale og kjenslemessige behovet aksepterast og respekterast.
  • Opro AS skal legge til rette for, og oppmuntre til medverknad i planlegging, utføring og evaluering av tenestene du mottar.
  • Dei tilsette på Opro skal legge til rette for medverknad som oppmuntrar og fremjar sjølvråderett.
  • Alle får arbeidsklede når dei byrjar på Opro knytt til den avdelinga dei skal jobbe i.
  • Ved endring i rutiner og prosedyrer har du rett til å verte informert.
  • Alle arbeidssøkjarar i tiltak på Opro er dekka av yrkesskadeforsikring hos KLP Skadeforsikring, i henhold til Lov om yrkesskadeforsikring av 16. juni 1989. Forsikringa omfattar yrkesskade og yrkessjukdom.
  • Du skal følgje arbeidsreglementet.
  • Du har plikt til å opptre etter dei etiske retningslinjene.
  • Du skal møte til avtalt tid på jobb og halde pausetidene.
  • Du er pliktig til å snakke høfleg til andre og behandle alle med respekt.
  • Når du møter på jobb skal du vere opplagt og velstelt.
  • Du skal utføre det arbeidet og følgje dei instruksjonane som din overordna gir deg.
  • Du skal brukte påbudt og nødvendig verneutstyr.
  • Du skal ta vare på det utstyret du får tildelt eller får nytte.
  • Meld frå om det oppstår skade på køyrety eller utstyr som tilhøyrer bedrifta.
  • Du skal melde frå om du ser mobbing, trakassering eller anna upassande åtferd på bedrifta.
  • Du skal følge norsk lov og regler som gjeld arbeidslivet.
  • Du skal bidra til å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø for deg sjølv og dei andre tilsette.