Vaskeriet

Vaskeriet2018-11-19T10:11:33+00:00

Vaskeriet vart starta i mai 2008 og har etterkvart opparbeidd seg ein bra kundekrets, både private og bedriftskundar. Sommaren 2016 fekk vi nye lokaler med 300 m2 produksjonslokale. Drifta følg idag bransjestandard for vaskerier og er godkjent gjennom Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn.

Vaskeriet utfører vask av dyner og puter, tepper, overmadrass, hestedekken med meir. Så lenge tøyet ikkje er for stort og det tåler ein vask, tek vi oppdraget. Vi både vaskar og leier ut dukar og sengetøy samt rullar slik at kunden slepp å stryke sjølv. I tillegg tilbyr vi renseriteneste gjennom eit samarbeid med Renseriet as. Har du noko du vil rense, tek vi det imot.

Vi vaskar, bretter og pakkar arbeidstøy til bedrifter. Etter avtale med kunden leverer og henter vi tøyet til faste tidspunkt.

Vi har pr i dag 2 barrieremaskiner, 2 store konvensjonelle og 1 ordinær vaskemaskin. I tillegg har vi tre store tromlar og to rullemaskiner.

Vaskeriet har opent måndag- fredag kl 07.30- 15.00 og kundeinngangen er i hovudbygget.

Personalet på vaskeriet er Brith-Jahne Olsen som avdelingsleiar, samt Frøydis Husebø og Helga Dyrkolbotn som arbeidsleiarar.