Etiske retningslinjer er reglar som seier noko om korleis vi skal vere på arbeidsplassen vår. Dei seier noko om kva vi forventar av haldningar til den enkelte arbeidstakar, og det skal vere med å bidra til ein felles verdiståstad og felles identitet. Retningslinjene skal også gi tenestemottakarane tryggleik for at ingen skal kunne misbruke stillinga si.

Trivsel og arbeidsglede gir betre livskvalitet for den enkelte medarbeidar og har mykje å seie for kvaliteten på det arbeidet som vert utført. Trivsel kan også bidra til lågare sjukefråvær samt at folk vert lenge i arbeidsforholdet sitt.

  • Vi skal snakke til kvarandre på ein høfleg og vennleg måte. Vi helsar god morgon og god middag, vi gir kvarandre ros og oppmuntring.
  • Vi respekterer kvarandre for den vi er, uansett kor ulike vi er.
  • Vi er positive når vi er ilag med andre, unngår å klage og snakke negativt om jobben eller andre.
  • Vi støtter og hjelper kvarandre, samarbeider om arbeidet og viser at vi er gode arbeidskollega.
  • Det er lov å gjere feil og det er viktig å seie unnskyld dersom ein har oppført seg dumt.
  • Dersom ein er ueinig om noko, diskuter det sakleg og roleg på tomannshand.
  • Dersom retningslinjene ikkje bli overhaldt fleire gongar sjølv om ein har fått beskjed, kan ein bli kalla inn til møte. I verste fall kan ein få ein advarsel. Brot på reglar skaper dårleg stemning og mindre trivsel på arbeidsplassen.

 

Retningslinjene for etikk og trivsel er utarbeidd av tilsette og tenestemottakarar på husmøte 29.april og 24.juli 2021.