Denne avdelinga er todelt. Vi har treproduksjon av benkar, hagemøblar og anna på bestilling frå kunde. Kundane våre er både privatpersonar, organisasjoner og bedrifter. Vi lager også skinner til vannscooterhengar produsert av Tysse. Den andre delen av avdelinga utfører enkle mekaniske oppgåver og montering for Gunnebo Anja.

Deler av året har vi utegruppe som fell tre hjå privatkundar som vi sel som ved samt klipping av plenar for Osterøy kommune. Vi har høve for fleire oppdrag ute, så ta kontakt.

Tormod Hovden er arbeidsleiar og kontaktperson på avdelinga.