Opro AS er ei vekstbedrift som har vore i drift sidan 1993. Me er lokalisert på Hauge i Osterøy kommune. Aksjeselskapet er 100% eigd av Osterøy kommune. Styreleiar er Johannes Bysheim og dagleg leiar er Torill Magnussen.

Bedrifta har 18 VTA-plassar og tiltaket er fordelt på tre avdelingar; vaskeri, frukt og tre. I tillegg driv Opro AS eit dagsenter med ni brukarar som er lokalisert i same bygning som resterande verksemd. Me tilbyr og arbeidstrening for vidaregåande elevar.

Opro AS skal legge til rette for, og oppmuntre til medverknad i alle forhold rundt tenestene på arbeidsplassen. Me skal legge til rette for medverknad som oppmuntrar og fremjar sjølvråderett. Vår visjon er «Den beste vegen tilbake til arbeidslivet».