Vaskeriet har eit 300 m2 moderne produksjonslokale, og leverer teneste for både private kundar, bedrifter og kommunen. Drifta følg idag bransjestandard for vaskerier og er godkjent gjennom Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn.

Vaskeriet utfører vask av dyner og puter, tepper, overmadrass med meir. Så lenge tøyet ikkje er for stort og det tåler ein vask, tek vi oppdraget. Vi både vaskar og leier ut dukar og sengetøy samt rullar slik at kunden slepp å stryke sjølv. I tillegg tilbyr vi renseriteneste gjennom eit samarbeid med Renseriet as. Har du noko du vil rense, tek vi det imot.

Vi vaskar, bretter og pakkar arbeidstøy til bedrifter. Etter avtale med kunden leverer og henter vi tøyet til faste tidspunkt.

Vaskeriet har opent måndag- fredag kl 07.30- 15.00 og kundeinngangen er i hovudbygget.

Personalet på vaskeriet er Brith-Jahne Olsen som avdelingsleiar, samt Frøydis Husebø og Helga Dyrkolbotn som arbeidsleiarar.